Kjære Ebeneser-folk
Takk for forbøn!
Vi er inne i ei merkeleg tid, og det er ikkje fritt for at vi kjenner litt på at vi er noko langt frå Noreg no som flygingar er innstilte og grenser er stengde. Likevel må vi straks føye til at vi har det bra og kjenner oss trygge slik situasjonen er no.
Det er rart å tenkje på at det alt har gått snart ein månad sidan vi fekk melding om at Drottningborg v.g.s., der Mats Adrian er elev, måtte stenge ned internatet på grunn av dette Covid19-viruset. Takka vere gode kontaktar og eit fantastisk reisebyrå, fekk vi Mats Adrian på eit fly berre to dagar etter kunngjeringa om stenging av skular. Vi kjende det var godt å vere samla heile familien i Kenya. Med to veker i karantene fekk Mats Adrian god tid til å gjere lekser og følge heimeskuleopplegget til Drottningborg.
Ikkje lenge etter at skulane i Noreg måtte stenge, fekk vi tilsvarande melding frå helsestyremakta i Kenya: alle skulane i Kenya, grunna nokre få påviste tilfelle av korona-smitte, vart beordra til å stenge alt neste dag. Deretter har vi drive heimeskule for elevane våre ved Den norske skolen. Samstundes med at Kenya sette i verk tiltak og flytrafikken over Europa vart kraftig redusert, vart det litt uro i flokken her. Fleire utsendingar reiste til Noreg pga. av situasjonen, og no er det berre éin stasjon vi har folk på i heile Aust-Afrika i tillegg til her i Nairobi. Med eit par evakuerte einingar frå «Hornet», er vi no samla fem familiar og to single her på «Tomta»
Vidare har den kenyanske regjeringa bestemt at det skal vere portforbod frå klokka 19 til 5 om morgonen og at butikkane må stenge klokka 16. Det nylegaste tiltaket er at det no og i tre veker framover er forbode å reise inn og ut av Nairobi; i det heile er det forbod mot å krysse nokon som helst bygrense i heile Kenya. Flytrafikken ut og inn av Kenya er dessutan stoppa, så med mindre norske styremakter bestemmer seg for å evakuere oss, så blir vi her. Då kjenner vi at vi er privilegerte som har ei slik stor tomt å vere isolerte på!
Akkurat no har vi ein etterlengta påskeferie. Som så mange andre denne påska, vart det ikkje noko av ferieplanane våre. Vi skulle ha vore på kysten og nytt bade- og strandlivet der, men klagar ikkje, ettersom vi synest vi har det fint her på ei heller romsleg tomt, med gode vener og naboar. Vi ser på møte frå region Nordvest på storskjerm kvar ettermiddag og prøver elles å møtest til ulike aktivitetar; i det heile sørge for å ha gode dagar med gode rutinar. Vi spelar tennis, volleyball, fotball, badar litt i bassenget, puslar puslespel med 3000 og 5000 brikker, drikk kaffi, har quizkveld, joggar runde etter runde langs straumgjerdet som ein annan hund i hundegarden, vaskar opp, vaskar opp, vaskar opp ( - saknar oppvaskmaskin!) og har god tid til å vere saman. Dei nasjonale medarbeidarane og hushjelpene våre tek ut ferie, deretter permitteringar med redusert løn, og det er berre vaktene og eit par vedlikehaldsarbeidarar som er igjen på tomta. Komande veke blir det heimeskuleplanlegging igjen for oss, ettersom dei kenyanske skulane held ferie ut april, og det enno ikkje har kome noko utsegn om når skulane får lov å opne igjen, medan vi samstundes må følgje skuleruta vår.
Så er det slik at ikkje alle rundt oss har det like godt som oss. Dersom viruset spreier seg i slummane her, er vi engstelege for konsekvensane. Med oppimot ti personar i kvart skur på 3x3 meter, seier det seg sjølv at å halde avstand for å hindre/redusere smittespreiing, ikkje er mogleg. I tillegg er det slik at mange no mister jobbane sine, og med så mange menneske som lever frå hand til munn dag for dag, kan frustrasjonen føre til at samfunnet her blir meir ustabilt og utrygt. Slik sett er vi meir redde for korleis dette utviklar seg, enn for sjølve viruset. Be gjerne om fred i landet og at Kenya og Afrika klarer handtere krisa på ein best mogleg måte. Og be gjerne om eit mirakel!
Midt i alt dette vanskelege og usikre er det likevel fint å sjå korleis folka her vender seg til Gud. Eg (Gunstein) var tidleg ute ein dag for ordne nokre pengesaker hos ein teleoperatør. Eg var der tidleg, før dei opna faktisk, for å unngå folkemengder. Dermed fekk eg sjå korleis dei tilsette samla seg i ein ring, bøygde hovuda, falda hendene og bad til Gud om vern denne dagen, før dei opna kontoret.
I tillegg har det vore nasjonal bønedag leia av presidenten sjølv. Vi ser at mange her, og kanskje særleg m-slimar, meiner at viruset er ein straffedom frå Gud. Mange m-slimar tenkjer òg at dette er ein sjukdom som berre rammar kristne. Vår von er at denne spesielle situasjonen heile verda er prega av, kan verke slik at mange kjenner på Guds kall og at det kan føre til at nokre kjem til tru, både her i Aust-Afrika, i Noreg og i resten av verda.
Vi er takksame for om de kan vere med å be:
- for ungane våre; at dei kan kjenne seg trygge
- om at vi ikkje blir smitta av Covid19 her på tomta
- om godt fellesskap mellom oss som er isolerte på tomta
- om at menneska her i Kenya må ha tilgang til nok vatn og mat
- for tryggleikssituasjonen i Kenya
- for familiane våre; at dei òg held seg friske
- om at folk denne påska får augo opp for Jesus som verdas frelsar
Så vil vi til slutt helse dykk alle med Ef. 3:12-21
Med kjærlege helsingar frå
Marita Bette og Gunstein, Mats Adrian, Anina Helen, Jens Gabriel og Bette Melina